Skulefritidsordninga i Hå kommuneSkulefritidsordninga (SFO) er eit pedagogisk omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid til barn på 1. til 4. trinn og for barn med særskilte behov på 1. til 7. trinn. SFO har ope alle arbeidsdagar utanom to planleggingsdagar i året.SFO er stengt i juli.SFO er stengt på julafta, nyttårsafta og onsdag før skjærtorsdag.Når du søker om SFO-plass, skriv du kor mange timar i veka du vil ha. Minimum er 5 timar i veka (førsteklassingar kan ha færre timar om dei vil). Maksimum er 21 timar. Du kan velga både morgon- og ettermiddagstimar, men ein ettermiddag kan ikkje delast opp i kortare økter.Slik søker du:Du søker om plass i Visma:Søk SFO-plassSøknadsfrist er 1. mars. Rektor kan godkjenna søknadar etter 1. mars dersom det ikkje er fullt.Prisar og betaling Elevar på 1.-3. trinn Gratis SFO på inntil 12 timar per veke. Dei som ønsker fleire enn 12 timar, må betala for tilleggstimane. Betaling for mat kjem i tillegg.Antall timar pr. vekePris pr. mndKost1-12kr. 0+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.13kr. 170+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.14kr. 340+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.15kr. 505+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.16kr. 617+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.17kr. 732+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.18kr. 840+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.19kr. 955+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.20kr. 1065+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.21kr. 1180+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd. Elevar på 4. trinn Antall timar pr. vekePris pr. mndKost5kr. 817+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.6kr. 985+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.7kr. 1145+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.8kr. 1312+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.9kr. 1478+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.10kr. 1640+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.11kr. 1805+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.12kr. 1967+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.13kr. 2130+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.14kr. 2305+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.15kr. 2432+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.16kr. 2558+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.17kr. 2680+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.18kr. 2814+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.19kr. 2915+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.20kr. 3035+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.21kr. 3145+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd. Elevar i 5.-7. klasse med særskilte behov Barn i 5. til 7. klasse med spesielle behov har rett til gratis SFO. Foreldra må søka om dette kvart år. Redusert pris for søsken Viss du har meir enn eitt barn i SFO vil du få reduksjon i foreldrebetalingen. Dette treng du ikkje søke om, men du må oppgi det når du søker SFO-plass.Du får 30% prisreduksjon for barn nummer toDu får 50% prisreduksjon for barn nummer tre eller fleire. Redusert foreldrebetaling Hushaldningar med låg samla inntekt kan få redusert foreldrebetaling. Ein hushaldning er ektefellar, registrerte partnarar og sambuarar.Søk redusert foreldrebetaling i foreldreappen (Visma)Søknadar før 1. august gjeld frå 1. august og ut skuleåret. Søknadar etter 1. august gjeld frå første heile månad etter søknaden og ut skuleåret. Kjøp av ekstra dagar Ved ledig kapasitet kan du kjøpa heildagsplass for kr. 330,- pluss kost kr. 30- pr. dag.Du betaler ikkje ekstra for SFO i skulen sine feriar for dei vekedagane de allereie har SFO-tilbod på ettermiddagane, men de må kjøpa heildagsplass for ekstra dagar. Ved kjøp av ekstra dagar må du ta kontakt med skulen. SFO for barn med særskilte behov i 1.-7. klasseBarn med behov for særskilt tilrettelegging i SFO skal få eit tilbod som legg til rette for at dei skal vera inkludert, og kan delta likeverdig i leik og aktivitetar. SFO er likevel ikkje skule og elevane har ikkje heilt dei same rettane til individuell tilrettelegging som i skulen.Endra eller sei opp plass på SFODu kan enkelt seia opp eller gjera endringar på SFO-plassen din i Visma.Endra eller sei opp plass på SFOOppseiingstida er to månader, og blir rekna frå den 1. i påfølgande månad. Dersom du seier opp etter 1. april må du betala for SFO ut skuleåret. Sist endra 09.06.2025 17.26