Avdelinga blei starta i 2007 i leigde lokale på næringsområdet. I Stokkalandsmarka har me tilbod til elevar i arbeidslivsfag og valfaget praktisk handverksfag. Me har elevar frå både Vigrestad storskule, Varhaug ungdomsskule og Ogna skule. I tillegg kjem nokre få elevar som av ulike grunnar har noko utvida tid i avdelinga. Me nyttar omlag to årsverk i Stokkalandsmarka, og dette er tilsette med relevant praktisk utdanning og erfaring. For tida er det ikkje tilsette med lærarutdanning i avdelinga.
Lokala blei i stor grad innreia av elevar. Lokalt næringsliv støtta godt opp om tiltaket, både med økonomisk støtte og utstyr. Samarbeidet med næringslivet har utvikla seg vidare, og er ein vesentleg del av suksessen me har. Samarbeidet består av at me får praktisk hjelp og støtte hos omliggjande bedrifter, og me utfører enkle praktiske oppdrag for bedriftene og får til gjengjeld bruka utstyret deira ved behov.
Inndeling
Bygget er delt inn i to avdelingar og er totalt på ca. 450 kvm. Me har ei byggavdeling, ei mekanisk avdeling og eit klasserom/kontor for begge avdelingane.
Økonomi
Drifta av avdelinga er i stor grad basert på at produksjonen skal gi overskot som finansierer utgifter til produksjonen og kjøp av utstyr. Kommunen dekker straum og leige av lokala, noko utstyr, samt bilen i avdelinga.
Lønn til tilsette vert dekt innanfor lønnsbudsjettet til dei tre skulane. Som hovudregel reknar me ein vaksen pr. 8 elevar.
Produkt
Kva produkt me lager er under stadig utvikling. Ein viktig del er større leikeapparat som blir plasserte på skular, i barnehagar og på leikeplassar i kommunen. Me har og oppdrag for bedrifter, bl.a. sveiseoppdrag, leikebåtar og stødige benkar og bord, og til og med bordtennisbord og søppelkorger til utandørsbruk. Nokre av oppdraga blir bygde på plassen, og elevane reiser då ut for å utføre desse. Me har og vedlikehaldsoppdrag der me reiser ut.
HMS-opplæring er sterkt vektlagt, og elevane går gjennom eiga opplæring før dei får delta i praktisk arbeid.