Privat undervisning i heimen

Etter § 22-5 opplæringslova er det foreldre sin rett å undervise eigne barn heime. Retten til privat heimeundervisning er regulert i opplæringslova § 22-5. Utdanningsdirektoratet har gitt ut Rundskriv om privat grunnskoleopplæring i heimen. Her er lenkje til rundskrivet om grunnskoleopplæring i heimen. 

Ein føresetnad for privat heimeundervisning er at opplæringa skal svare til den som blir gitt i offentlege eller private skular. Opplæringa skal òg som hovudregel skje i heimen til barnet, det vil seie på folkeregistrert adresse eller i nærområdet.

Privat heimeundervisning er i utgangspunktet omfatta av dei same lovreglane og forskriftene om formålet med og innhaldet i opplæringa som opplæringa i offentleg grunnskule. Det går fram av opplæringslova § 22-5 at den private grunnskuleopplæringa i heimen skal:

  • vere i samsvar med formålet med opplæringa i § 1-3
  • vere i samsvar med læreplanar for fag, § 1-4 andre ledd
  • følgje fag- og timefordelinga, § 1-6 første ledd
  • ikkje vere i strid med forbodet mot forkynning i § 14-5
  • oppfylle krava til korleis opplæringa i kristendom, religion, livssyn og etikk skal leggjast opp etter § 14-7

Resten av føresegnene i opplæringslova ikkje gjeld for privat grunnskuleopplæring i heimen. Det er mellom anna ikkje krav om undervegsvurdering, sluttvurdering og eksamen i faga etter opplæringsforskrifta kapittel 9. Vidare har barn som får privat grunnskuleopplæring i heimen, ikkje rett til mellom anna individuelt tilrettelagd opplæring, personleg assistanse, fysisk tilrettelegging, særskild språkopplæring eller teiknspråkopplæring. Det blir likevel føresett at opplæringa som blir gitt i heimen, er lagd til rette på ein slik måte at barnet får best mogleg utbytte. Dersom foreldre meiner at barnet ikkje har eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa som blir gitt i heimen, må foreldra skrive barnet inn i den offentlege grunnskulen, eventuelt ved ein godkjend privat grunnskule. 

Foreldre kan ikkje krevje å få dekt utgifter til lærebøker og undervisningsmateriell. Kommunen kan på frivillig basis tilby å dekkje utgifter i samband med opplæringa. 

Foreldre som vel å gi barnet sitt privat grunnskoleopplæring i heimen kan heller ikkje krevje at denne opplæringa blir kombinert med opplæring i skule. Kombinasjon av opplæring i heimen og på skulen er ikkje tilrådd i følge Statsforvaltaren, og Hå kommune går ikkje inn på slike ordningar.

Tilsyn

Kommunen skal føre tilsyn med at den private grunnskuleopplæringa som blir gitt i heimen, oppfyller krava til innhaldet i opplæringa. I Hå kommune fører nærskulen dette tilsynet, og rektor har ansvar for at det blir gjennomført første gong innan tre månader etter at den private heimeundervisninga har starta. Tilsynet skal vidare førast ofte nok til at kommunen har eit grunnlag for å vurdere om barnet får oppfylt retten til grunnskuleopplæring, og at opplæringa som blir gitt, oppfyller krava i lova.

Kommunen (skulen) har rett til å kalle inn barnet til prøvar i samband med tilsynet. Med «prøvar» er det ikkje meint ein eksamen i grunnskulen, men andre former for prøver som kan gi kommunen relevant informasjon om den private opplæringa som blir gitt i heimen, som ledd i tilsynet. Dersom tilsyn avdekkjer at opplæringa i heimen ikkje er i samsvar med krava til opplæringa i opplæringslova § 22-5, og dermed ikkje er lovleg, skal kommunen gjere enkeltvedtak om at barnet skal få grunnskuleopplæring på ein skule. Dette gjeld òg i dei tilfella der det ikkje er mogleg å føre tilsyn på grunn av manglande samarbeid frå foreldra. Kommunen skal då krevje at barnet byrjar på ein skule.