Velkomen til natteravning på Varhaug
Kven gjer kva?
Den som står først på lista (markert med gult), er lagleiar. Lagleiar har ansvar for å senda SMS til dei andre på laget nokre dagar før det er deira tur til å gå natteravn.
Kor mange skal gå?
Det skal alltid vera minst to natteravnar ute samtidig. Ingen skal gå åleine.
Kan du ikkje den dagen du er sett opp?
Då må du sjølv byta med nokon andre på lista.
Registrering
Alle må skanna QR-koden før dei går ut. Den heng på skapdøra. Då er du forsikra gjennom Tryg forsikring.
Praktisk informasjon
Oppmøtestad
Det er oppmøte ved Varhaug barneskule, Eikevegen 5 på Varhaug. Inngangen til SFO skal nyttast.
Lagleier hentar adgangskort og nøkkel hos Bøen Storkiosk, Dublandsvegen 1.
Kortet leverast tilbake på same stad dagen etter.
Bøen storkiosk
Adgang til SFO
For å opna inngangsdøra til SFO må du:
- Trykka A
- Dra adgangskortet
- Trykk inn korrekt kode
Varhaug barneskuleKaffi
Nøkkelen passar til den første døra på venstre side når de kjem inn i gangen på SFO. Den passar òg til kjøkkenet på høgre side, der de kan trakta kaffi om de ønsker det. Kaffi og filter ligg i skapet, og kaffitraktar står på kjøkkenet.
Om de heller vil ha kaffi medan de er ute og går, kan de få gratis kaffi hjå Bøen storkiosk.
Sekkane
Inne på SFO-basen finn du to Tryg ryggsekker. Dei står i eit kvitt skap i gangen. I sekkane finn du:
- Førstehjelpsutstyr
- Antibac
- Lommelykt
Vest eller jakke
Alle som går natteravn må bruka natteravnvest eller -jakke. Dei heng i skapet.
Tidsrammer
- Tysdag: frå kl. 19.00 til kl. 20.30
- Fredag og laurdag: frå kl. 21.00 til kl. 24.00
De kan starta tidlegare enn oppsett tid, men ikkje avslutta før.
Kvar kan de gå?
- Lensmannsløa ungdomsklubb spesielt kl. 19-20 tysdager
- Lensmannsløa barnehage og gapahuken
- Spar
- Garasjeanlegget til Coop Extra
- Jernbanestasjonen
- Misjonshuset
- Bøen
- Tarzanløypa på Varhaug skule.
- Fjordkjøkken
- Iden
Etter kvelden - send rapport
Send e-post til: natteravn@ha.kommune.no
Skriv ned:
- Stad og dato (t.d. Varhaug 16. oktober)
- Kven som gjekk natteravn
- Kvar de gjekk
- Kor mange barn/ungdomar de møtte (og ca. alder)
- Kort oppsummering av det de såg eller opplevde
Tusen takk!
Takk for at du stiller opp som natteravn ,og gjer lokalmiljøet tryggare!
Både ungdom og vaksne set pris på at de er til stades.
Helsing
Ung førebygging, Hå kommune