Vi ynskjer å bruka kommunen sin visjon “ Me løfter i lag” med verdiane open, driftig og stolt som vår visjon. Personalet skal arbeida med visjonen og verdiane; kva betyr visjonen og verdiane for meg i barnehagekvardagen? Vi har tru på at vi kan ha same visjon som kommunen, berre at vi tilpassar den til kvardagen i barnehagen.
Open – verdien handlar om gjennomsiktighet, tilgjenlighet og inkludering
Driftig – verdien handlar om den sterke arbeidskulturen vi har på Jæren, der handling og utvikling står i fokus
Stolt – verdien handlar om identitet, kvalitet og eigarskap til organisasjonen.
Dette er henta frå Hå kommune sin visjon, men vi tenker dette er verdiar som kan gjenkjennast og arbeidast med hjå personalet i barnehagen òg.