Sikkerheitsrutiner Vigrestad barnehage

11 Ved kuldegrader

  • barn under 3 år bør haldast innandørs ved - 10°C og meir, unngå også soving utandørs.
  • det bør alltid gjerast ei vurdering i høve til type aktivitet og kor lenge barna skal vere ute.
  • det vil vere rimeleg å lytte til kva foreldra meiner når det gjeld deira barn 
  • sørg for barn må ha tørre bleier
  • barn som søv utandørs skal sjekkast minst kvar ½ time
  • sørg for god luftsirkulasjon i vogner og at soveposen er godt isolert.
  • sørg for god klednad med ull innerst/vindtett ytst.
  • vaksne må heile tida halde barna under oppsyn og sørgje for at dei held seg i rørsle.
  • sørg for at barna ikkje pådrar seg forfrysingar på utsette stader som nasa, øyra, fingrar og tær.
  • viktig å ta omsyn til at barna er meir utsette for frysningar og alvorleg nedkjøling.

(Retningslinje gitt av kommunelegen)