Sikkerheitsrutiner Vigrestad barnehage

8 Ved bruk av bålpanne/grill

  • Ved bruk av grillen, skal ein vaksen tenne grillen når barna er på avstand.
  • det skal alltid vere ein vaksen til stades så lenge det er fyr i grillen.
  • barna skal ikkje gå nær bålet eller grillen.
  • vi må ikkje bruke impregnert ved/plankar, det inneheld giftstoff.
  • det skal vere vatn/brannsløkkingsapparat tilgjengeleg innan kort rekkevidde.
  • er vi ute på tur og skal gjere opp eld, må vi ta omsyn til tørke og vind.
  • alt som er brannfarleg gjenstandar skal vere utilgjengeleg for barn.
  • tennvæske, fyrstikker skal ikkje stå att.
  • vi må alltid helle vatn på bål/eldstad slik at det ikkje glør igjen.
  • følg alltid med kommunane/brannvesenet sin tilråding.

Stormkjøkken

  • alle som skal bruke stormkjøkkenet må først ha lese og forstått bruksinstruksen.
  • stormkjøkkenet må stå på stabilt underlag.
  • ha alltid med ei flaske vatn som er lett tilgjengeleg.
  • ein vaksen må heile tida følge med/sitte ved stormkjøkkenet.