Sikkerheitsrutiner Vigrestad barnehage

3 Sikkerhetsregler ute

Uteområdet

Portane skal vere lukka og skarpe gjenstandar og andre farlege objekt skal fjernast frå leikeplassen før ein slepper borna ut. Sjå eigne kontrollskjema for tilsette her. Leikeapparat skal heile tida kontrollerast og vedlikehaldast. Eventuelt fare/nestenulykke/avvik skal straks meldast skriftleg til styraren (jfr. Avviksskjema i Compilo). Vaktmeister varslast ved øydelagde ting. Det skal alltid vere minst ein vaksen som har tilsyn med borna. Dersom det er meir enn ein person ute, skal dei vaksne fordele seg på området. Hugs at det alltid skal vere ein vaksen i blindsone (bak vognskuret til blå, ved amfiet og nede med hengekøya)