Sikkerheitsrutiner Vigrestad barnehage

2 Sikkerhetsregler inne

Kjøkken

Steikeomnar skal ha sperre på "dørene". Kjøkkenmaskiner skal vere utilgjengelege for barn så lenge det ikkje er vaksne til stades. Ved bruk av skarpe reiskapar som potetskrellar, fruktknivar skal det alltid vere ein vaksen som har tilsyn. Skarpe knivar, kjemiske stoff som vaske midlar (Zalo) skal vere låste og utilgjengelege for barn.

Vaskerom

Vaskemiddel skal oppbevarast utilgjengeleg for barn, altså under arbeid/vask.

Leiker og reiskapar

Personalet må sørgje for at leiker og reiskapar som barna bruker ikkje er farlege.

Eld, fyrstikkar/lighter

Skal vere utilgjengeleg for barn. Unngå tent levande lys, bruk alternative løysingar som t.d. led lys. Dersom tent stearinlys (berre ved spesielle høve) som ikkje er i lukka "lykt", skal dette vere under oppsyn av ein vaksen.

Medisinar

Alle medisinar og førstehjelpsutstyr skal oppbevarast i medisinskap. Medisinskap og medisinskrin skal vere utilgjengeleg for barn. Dette gjeld også paracet/ibux hos personalet. Alt skal vere innelåst. Medisin barna treng ila.dagen er ikkje pålagd personalet å gi, dersom vi likevel skal gje det må medisinskjema med detaljert informasjon og dose vere fylt ut og signert av foreldre, samt at dose skal trekkjest opp av foreldre ved ankomst.

Farlege vesker/kjemikaliar/plantar

Alle farlege og giftige vesker, plantar og kjemikaliar skal vere utilgjengelege for barn.

Kaffi og te

Kaffi og tevatn skal slåast over på kanne når det er ferdig kokt. Koppar med varme drikker (kaffi eller te) skal vere utilgjengeleg for barn. Personalet skal berre drikke kaffi og te på personalrom/møterom når barn ikkje er til stades. Dersom kaffi på arbeidsrom – bruk termokopp. Kaffi til foreldre på tilvenning skal ikkje serverast eller takast med på avdeling.

Skap og hyller

Skap og hyller skal vere sikra mot å falle ned.

Heisen

Heisen skal ikkje brukast saman med barn. Dersom heisen stoppar i midten kan dette oppleving veldig traumatisk. Heisen er berre til å frakte varer, vasketralle, foreldre med barnevognar og eventuelt bevegelseshemma.