Sikkerheitsrutiner Vigrestad barnehage

12 Renholdsrutiner

  • Eigedomssjefen har ansvaret for bygget
  • Styrar har ansvar for å rapportere til eigedomssjefen (vedlikehald-sentralen)
  • Vaktmeister har ansvar for å utføre tekniske forbetringar på bygget
  • Renhaldsleiar har hovudansvaret for innvendig reinhald av bygget
  • Renhaldar skal utføre både dagleg og periodisk reinhald
  • Hovudreingjering skal fordelast gjennom heile året (jfr. reinhaldsplanen)
  • Personalet og barna skal rydde leiker, sko og klede på plass for å lette arbeidet for renhaldaren

Rutinar ved blodsøl/oppkast

  • alle må bruke eingongshanskar
  • vi bruker papir til å tørke opp blodet/oppkastet, må dette kastast i eigen pose og i restavfall
  • ein skal helst ikkje bruke klutar, dersom klutar vart brukte, må klutane kokast
  • Vask aktuelt område godt med desinfiserande middel som klorin.