Sikkerheitsrutiner Vigrestad barnehage

4 Hente og bringe situasjoner

Det er venta

  • At foreldre gjev beskjed om barnet er sjukt/skal ha fri eller kjem i barnehagen etter kl. 09:00.
  • Følgjer barnet inn på avdelinga om morgonen.
  • Personalet skal krysse barna inn i appen etter kvart som barn blir levert og henta.   
  • Ved levering og henting må foreldre sørgje for at det er oppretta kontakt med personalet.
  • Foreldra må gje beskjed dersom barnet skal hentast av andre personar. Barnehagen skal ikkje overlate barnet til andre personar enn foreldra utan at dette er avtala. Foreldra må sjølve sørgje for at dei som hentar barnet har fått kjennskap til barnehagen sine rutinar ved bringe og henting. Barn yngre enn 5.klasse kan ikkje hente sysken/kjente i barnehagen åleine.

NB. Frammøteprotokollen gir oss oversikt over barnegruppa kvar dag, òg ved eventuell brann. Frammøteprotokollen er arkivverdig, den skal leverast til administrasjonskonsulent for arkivering ved avslutta barnehageår.  

Ver obs på:

  1. barn som ikkje blir henta til stengetid
  2. personar vi ikkje kjenner eller som ikkje skal hente barnet
  3. ein rusa person som vil hente barnet. Kontakt styrar/stedfortredar umiddelbart.