Årsplan Vigrestad barnehage

7 Trafikksikker barnehage

Hå kommune er ein trafikksikker kommune. Barnehagen er difor forplikta til å ta trafikksikkerheit på alvor.  Barnehagen sin trafikkopplæring skal vere ein integrert del av omsorgen og det pedagogiske arbeidet vi driv.

Gjennom grunnleggjande trafikkreglar skal barna læra å stoppe ved vegkryss, krysse over vegen der det er gangfelt og å alltid gå mot køyreretninga. Både barn og vaksne skal bruke refleksvestar på tur. Det er påbod med hjelm dersom barn skal sykle i barnehagen.  

Vi stiller krav til busselskap og drosjar om belter og trafikksikker åtferd ved kjøp av transporttenester. Personalet skal kjenna til rutinane for handtering av uforutsette situasjonar og hendingar på tur.  Eigne sikkerheitsrutinar er utarbeidde og blir jamleg reviderte.