Årsplan Vigrestad barnehage

5 Samarbeidspartnere

Som eit ledd i arbeid med førebyggjande tidleg innsats, samarbeider barnehagen med eit  tverrfagleg ressursteam som skal førebyggja og gje råd viss det oppstår vanskelege saker i heimen eller i barnehagen. Ut i frå eit heilskapsperspektiv er målsettinga for gruppa førebyggjande arbeid, samordne og gje råd kring ulike tiltak. I saker rundt enkeltbarn skal det bli utarbeidd ein oppfølgingsplan frå ressursgruppa. Hensikta er å gje betre flyt mellom hjelpeinstansane, sikre ansvarsfordeling og at kvar einskild sak blir følgt opp.
 
Både barnehagepersonell og foreldre kan ta opp saker med denne gruppa for å få råd og rettleiing. 2 møter pr.halvår.

Representantar hjå oss er: 
Helsesjukepleiar: Monika Aanestad
Barnevernet i Hå: Heidi Gudmestad Strand

Psykologisk og Pedagogisk Teneste (PPT): Beathe Hobberstad/Eva Renate Haugland.

Vi har også godt og tett samarbeid med spesialpedagogisk teneste i Hå, våre representantar dette året vil vera spesialpedagog Torhild Skårland.