Årsplan Vigrestad barnehage

6 Dokumentasjon og vurdering

Barnehagen vurderer det pedagogiske arbeidet vi driv kontinuerleg. I eit eige årshjul og ein eigen kompetansehevingsplan/prosessplan sikrar vi progresjonen for det som er skrive i rammeplanen for barnehagen.

6.1. Eigen vurdering

Personalet skal jamleg vurdera det pedagogiske arbeidet. Det tyder at det pedagogiske arbeidet skal skildrast,  analyserast og tolkast ut frå barnehagen sine planar. Personalet tek fortløpande vurderingar på  avdelingsmøte,   personalmøte og planleggingsdagar.

6.2. Brukarundersøkingar:

Foreldra vurderer barnehagen ut frå planar, barna sin trivsel og eigne forventingar. Foreldre gjer  tilbakemeldingar  direkte til primærkontakt, pedagogisk leiar, styrar og gjennom FAU og SU, vi oppmodar til kontakt helst i den rekkjefølgja.

Vi har eit ynskje om at tilbakemeldingane skal rettast direkte til den det gjeld.    
I tillegg blir det brukt digitale brukarundersøkingar i løpet av eit barnehageår.

6.3. Eigaren:

Kommunen som eig barnehagen vurderer verksemda ut frå barnehagen sine årsmeldingar, økonomirapportar  foreldreundersøkingar, tilsynsrapportar, arbeidsmiljø- og brukarundersøkingar.