Årsplan Vigre natur- og friluftsbarnehage

1 Presentasjon av barnehagen

1.1 Barnehagens visjon

1.1 Barnehagens visjon:
Vigre natur- og friluftsbarnehage sin visjon er «Saman i undring, leik og meistring» og våre verdiar er Leik, undring og mestring.

1.2 Eigenart og profil

1.2 Eigenart/Profil
Vi er ein natur- og friluftsbarnehage i naturskjønne omgivnader med havet, skogen og kjelvene like i nærleiken av porten. Vårt unike uterom utfordrar og innbyr til leik og fysisk aktivitet, kor meistring og felles glede er viktigast. Vi får oppleva det særeigne jærlyset og veret med alle sine skifte heile året. Vi er ofte på ulike turar til Vigreskogen, Obrestad hamn, Jærmuseet og Grødalandstunet, Iden på Varhaug samt andre destinasjonar i nærmiljøet. Barnehagen sitt unike nærmiljø gjer oss mogligheiter innan natur og friluft, som få andre barnehagar har. I tillegg til turar har vi minimum ein utedag i veka i perioden mars til og med august, og ein utedag i månaden i perioden november til og med februar. August og september er litt annleis månader, då hovudfokuset er tilvenning i barnehagen. Me er framleis på tur, men har ikkje faste utedagar desse månadane. Fleire gongar får me koma på gardsbesøk noko alle syns er både givande og kjekt. Felles for utedagane er at foreldre leverer og hentar barna på plassen vi er. I tillegg har Revane (på avdeling Stallen) og Løa ein dag på Jærmuseet kvar månad. Barna får delta på ulike opplegg knyta til fagområda i rammeplanen, lagt opp av pedagogar på Jærmuseet. Dette er lærerike og kjekke dagar for barna i undring, leik og meistring.

1.3 Bærekraft i barnehagen

1.4 Bærekraft i barnehagen.
“Barna skal lære å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen. Berekraftig utvikling omfattar natur, økonomi og sosiale forhold og er ein forutsetning for å ta vare på livet på jorda slik vi kjenner det. Barnehagen har derfor ein viktig oppgåve i å fremme verdiar, haldningar og praksis for meir berekraftig samfunn.” Rammeplanen 2017 

I Vigre har me kjøkkenhage der me sår, steller, luker og hauster. Når me er på tur er det viktig for oss med sporlaus ferdsel. Me vil gjera barna oppmerksame på omgjevnadane når me er på tur, og snakka om det å ta vare på seg sjølv, kvarandre og ikkje minst den flotte naturen me er så heldige å få bruka aktivt kvar dag.