Årsplan Vigre natur- og friluftsbarnehage

5 Overgangar

5.1 Når barnet begynner i barnehagen

5.1 Når barnet begynner i barnehagen

I Vigre natur- og friluftsbarnehage legg vi vekt på ein trygg start i barnehagen. Personalet skal sørgje for tett oppfølging den første tida slik at barna kan etablera gode relasjonar, oppleve tilhøring og tryggleik til undring, leik og meistring. For å oppnå dette har vi eit foreldremøte kort tid etter barnehageopptak, barna får fortløpande besøkstider der dei kan etablere ein relasjon til sin primærkontakt. Det vert og gitt anledning til å vitje barnehagen ein time i veka på oppsette dagar i etterkant av dette. Erfaringar viser at dei barna som kjem på desse opne dagane har ei tryggare tilvenning.

Ved starten av barnehageåret er det lagt opp til minimum fem dagars tilvenning der barnet er i barnehagen saman med sine føresette. Informasjon om tilvenning og tider vert sendt ut i god tid før sommarferien.

5.2 Overgangar i barnehagen

5.2 Overgangar i barnehagen

I månadsskifte april/mai og fram til «sommarbarnehagen» arrangerer vi fleire besøk på ny avdeling. Vi kallar desse dagane for «byttedagar». Då får barna vitje ny avdeling og delta i samling og leik. Målet er å leggje til rette for ein trygg overgang, at barna skal verta kjende og få ein byrjande tryggleik på ny avdeling før oppstart i august.

5.3 Overgangen mellom barnehage og skule

5.3 Overgangen mellom barnehage og skule

Vi har gode rutinar for overgangen barnehage-skule. Frå april/mai fram til juni vert barna inviterte til tilpassa skulestart. Barna får då gå på besøk til "sin" skule. På skulebesøket er det eit variert pedagogisk opplegg der barna vert kjend med skulen, lærarar og kvarandre. Dei barna som går i barnehagen den dagen vert fylgt av personalet i barnehagen, så langt det lar seg gjere og barnet sokner til Nærbøbygda. De foreldre vert inviterte til foreldremøte på skulen, samt til ein overgangssamtale med barnehage, heim og skule.