4.1 Barn
4.1 Barn
Vigre natur- og friluftsbarnehage arbeider for at barna skal ha høve til å påverke sin eigen kvardag. Dei skal få medverke til, og kome med sitt syn på barnehagekvardagen. Deira synspunkt skal tilleggas vekt i samsvar med alder og modning. Barna skal møtast med respekt og anerkjenning av personalet i barnehagen. Det tydar at personalet må vere merksame både på barns kroppslege og språklege uttrykk. Personalet må vera «vakne», sjå og høyre kva det er barnet ynskjer å formidle, og ta barna sine uttrykk på alvor. Vi er opptekne av at vi skal ta oss tid til at barna skal få uttrykkje sine ynskje og behov.
4.2 Foreldresamarbeid
4.2 Foreldresamarbeid
Foreldresamarbeid vert sikra gjennom foreldremøte og foreldresamtalar samt den daglege kontakten mellom personal og føresette. Barnehagen har eit foreldrearbeidsutval (FAU) som er samansett av valte foreldre i barnehagen, og eit samarbeidsutval (SU) med representantar frå utval for oppvekst og kultur i Hå kommune, barnehage og foreldre.