Årsplan Vibereiret barnehage

9 Fagområda

Fagområda opptrer sjeldan einskiltvis, men er implementert i barnehagen sitt innhald. Som regel er fleire områder representert innafor eit einskilt tema. Her stillast det krav til oss vaksne om å legge til rette for, samt å syna til progresjon i arbeidet.

Hovudtema vårt for kvart år er «Inkluderande barnehagemiljø».

Fagområda vert fletta inn i hovudtemaet og vektlagt i forskjellig grad, alt etter korleis det passar inn.

Årsplanen syner til overordna tema. Meir detaljer om tema står i prosessplaner, og på månadsplanen, dette for at barna skal ha høve til å påverka undervegs, og medverke i planlegginga.

Månadsplaner og Vibeposten leggast ut i appen Min barnehage kvar månad, med diverse informasjon samt tankar om komande månad.

Når me arbeida med tema så deler me barna gjerne inn i grupper, for å kunne tilpassa innhaldet best mogleg barna sitt nivå.