8 Vurdering
Personalet evaluerer arbeidet sitt både dagleg og i etterkant av tema. Vurderinga er knytta opp mot det enkelte barn og barnegruppa. Dette skjer gjennom refleksjon og veiledning.
Ved behov bruker vi CLASS som observasjonsverktøy. Førebels har vi ingen utdanna CLASS- observatørar sjølv, og leiger derfor inn eksterne observatørar ved behov. Målet med ein CLASS observasjon er å forbetra samspelkvaliteten mellom barn og vaksen i barnehagen, slik at barna opplever tryggheit, livsmestring og støtte til utvikling og læring i kvardagen.
Vi har og interne vurderingsskjema, som f.eks kvalitetskrysset.
I kommunen vert det brukt ulike reiskap for å vurdera praksis, som f. eks Ståstedsanalyse og brukarundersøking. Dette kan brukast av både personal og foreldre.
Elles ser vi på den tilbakemeldinga vi får frå foreldra i levering og henting som vurdering.