6.1 Samarbeid internt i barnehagen
Personalet i barnehagen samarbeider på tvers av avdelingane. Både for å få det praktiske og organisatoriske til å fungere, men og for å læra av kvarandre. Vi deler erfaringar og veileder kvarandre i kvardagen og på møter. Til saman har vi brei erfaring og mykje kunnskap, og ser på det som ein moglegheit til å gjera kvarandre gode.
6.2 Samarbeid med eksterne instansar
Vi samarbeider med ulike instansar internt i Hå kommune.
PPT, pedagogisk psykologisk teneste. Agnes H. Vold er vår kontaktperson. Ho gir oss rettleiing i høve til barn som er meldt opp til PPT. Agnes deltek på møta i ressursteamet.
Barneverntenesta. Vi har ein kontaktperson der som heiter Nina Steinnes Erga. Hos henne kan vi få råd dersom det er noko vi lurer på. Elles deltek ho på møta i ressursteamet.
Helsesjukepleiar. Vår kontaktperson på Varhaug helsestasjon heiter Elisabeth Kydland. Ho deltek og på møta i ressursteamet.
Spesialpedagogisk team. Sarah Ree er barnehagen sin kontaktperson. Ho arbeidar individuelt med oppfølging og gjer råd og veiledning til personalet .
Familiesenteret i Hå kommune tar seg av foreldreveiledning, samtaler og kurs. Dei held til på Nærbø. Barnehagen kan gi anbefaling til foreldre om å ta kontakt med familiesenteret, men foreldre må sjølv ta kontakt.
Tenesteområdet oppvekst og kultur. Der samarbeider vi med fleire om både pedagogiske- og praktiske spørsmål.