Årsplan Pilevegen barnehage

3 Fokusområde frå kvalitetsplan for barnehagen

3.1 Godt språkmiljø for alle barn

Barnehageåret 2025/ 2026 skal vi ha «Leik» som utviklingsområde. I tillegg til å ha fokus på leik vil vi arbeida med språk, inkludering og vaksenrolla. Desse områda; språk, leik, inkludering og vaksenrolla, er avgjerande for om barna opplever ein god dag i barnehagen. 

Gjennom leiken utviklar barna språket, samstundes som dei dannar relasjonar og vennskap. Dei lærar å inkludera kvarandre i leiken og fellesskapet. Då treng vi vaksne som veit kor viktig det er at dei er deltakande og aktive i leiken, og at dei bryr seg og grip inn om dei ser noko urett. 

For å tileigna seg meir kunnskap om leik og inkluderande barnehagemiljø skal vi arbeida med dette på avdelingsmøter, personalmøter og planleggingsdagar

3.2 Inkluderande barnehage- og skulemiljø

For at barna skal læra og utvikla seg veit vi at trygghet og trivsel må liggja i botn. Er barna redde eller mistrivst i barnehagen har dei ikkje kapasitet til verken å leika, læra eller ha det kjekt. Dei vaksne må vera bevisste og årvakne, slik at dei ser det enkelte barn og kan gje det som trengs for læring og utvikling.