Årsplan Bjorhaug barnehage

9 Vurdering

Kvalitetskryss: Bjorhaug barnehage brukar Kvalitetskrysset for å evaluere arbeidet og opplegga me held på med. Kvalitetskrysset brukar me både på fagmøte, basemøter og personalmøte minimum ein gong i månaden. Då har me ein vurdering på korleis opplegga og måla for månaden har fungert. Det skal og vere ein felles evaluering og reflektering av arbeidet i personalgruppa kvart år. Me brukar og Kvalitetskrysset i Bjorhaugrådet, dette gjev oss innsikt i kva barna opplever og tenkjer om dei ulike arrangementa og barnehagen generelt.

Brukarundersøking: Me har ei brukarundersøking i løpet av barnehageåret. Foreldra får passord tilsend på mail og vert oppmoda til å delta. Svara me får frå undersøkinga brukar me til å arbeide vidare med å heva kvaliteten i barnehagen. Brukarundersøkinga vert lagt fram for FAU og SU.

Ståstadsanalyse: Alle tilsette i Bjorhaug barnehage deltek i undersøking om arbeidsmiljø og utvikling. Resultatet vert lagt fram for SU i ettertid av undersøkinga. Analysen vert nytta til å heve kvaliteten i barnehagen.

Barnesamtaler: 4 og 5 åringane har barnesamtale med pedagogen på sin avdeling. Tema for desse samtalene er blant anna trivsel.

Bjorhaugrådet: Bjorhaugrådet evaluerer opplegg me har hatt og barnehagekvardagen generelt på sine møter, på denne måten får me høyrt barna sin stemme.