Årsplan Bjorhaug barnehage
1 Velkommen til Bjorhaug barnehage
Bjorhaug barnehage starta opp 18. mai 2009 i Gudmestadvegen 24. Barnehagen ligg sentralt til på Nærbø. Barnehagen har lyse lokalar og eit variert uteområde. Barnehagen ligg i gangavstand til blant anna Jernbaneskogen, Bø skule, Motland skule, Loen, biblioteket og Jærmuseet. Me nytter nærmiljøet aktivt, slik at barna kan verta kjent med området me bur i. Barnehagen ligg landleg til med gard som næraste nabo. Rett utanfor gjerdet går det hestar og sauer, noko som er til stor glede for både små og store i barnehagen.
Bjorhaug barnehage har tre avdelingar: Topphaugen som ligg i øvste etasje. Haugen og Litlehaugen desse avdelingane ligg i fyrste etasje.
1.1 Barnehagens visjon
Visjonen til Bjorhaug ligg som eit overordna mål for arbeidet vårt saman med lov om barnehagar, Rammeplanen og Kvalitetsplan for barnehagar. Bjorhaug barnehage sin visjon er:
"Me ser den enkelte og heie på fellesskapet"
Visjonen til Bjorhaug ligg som eit overordna mål for arbeidet vårt saman med lov om barnehagar, Rammeplanen og Kvalitetsplan for barnehagar.
Rammeplanen 2017 er klar på korleis me vaksne i barnehagen skal møta barna. Dei skal møtast som eit enkelt individ. Personalet i Bjorhaug skal medverke til at kvart enkelt barn sin individualitet og behov for å få realisera seg sjølve kan skje i tryggleik og innanfor fellesskapet sine normer og regler. Kvart einskild barn skal verta sett og høyrt, danne gode relasjonar, møtast med omsorg og ha ein primærkontakt. Alle barn skal oppleva humor, glede, spenning og engasjement gjennom leik- aleine og saman med andre. Barnehagen sitt innhald skal vere variert og tilpassa det enkelte barn og barnegruppa. Me i Bjorhaug arbeidar for å sjå det enkelte barn, å møte dei med respekt og anerkjenning. Bjorhaug barnehage skal være ein arena der alle barn skal erfare at dei betyr noko for fellesskapet. Me arbeider for at barna skal oppleve å være i positive samspel med barn og vaksne. Me skal legge til rette for utvikling av vennskap og sosialt fellesskap. Rammeplanen legg vekt på å støtte barna i sitt møte med omverda å leggja grunnlag for deltaking i eit demokratisk fellesskap. I Bjorhaug har me fokus på å kjenna på følelsen av å høyra til, å kjenne på samhald. Gode felles opplevingar kan skape inspirasjon til nye leiketema og utvida leikerepertoar, og sjølvsagt for gode samtalar og språkutvikling for barna.
1.2 Barnehage med fokus på relasjonar
«Barnehagen skal aktivt legge til rette for omsorgsfulle relasjonar mellom barna og personalet og mellom barna, som grunnlag for trivsel, glede og meistring» (Kunnskapsdepartementet, 2017, s. 8).
Me har fokus på at det er den vaksne som har ansvar for relasjonen. Med gode trygge relasjonar får barna ein god kvardag i barnehagen. Me arbeider utifrå COS ( Circle of Security), som er eit verktøy for å styrkje relasjonar og tilknyting. Ynskjer du å vite meir om dette opplegget kan du besøke nettstaden: circleofsecurityinternational.com eller ta kontakt med barnehagen.
Relasjonskrysset er og eit verktøy Bjorhaug barnehage brukar for å styrkje relasjonar og ha fokus på vår rolle som vaksen i forhold til barnet.
Me har ein handlingsplan mot mobbing. På nettsida tryggbarnehage.no kan føresette og personalet finne framgangsmåtar og tips dersom me opplever mobbing i barnehagen. Me oppmodar føresette til å ta kontakt med barnehagen om de opplever at barnet ikkje trivst. Me vil gjerne hjelpe til, leggje til rette, og arbeide for at barnet skal få eit godt psykososialt miljø i barnehagen.
1.2.1 Sosial og emosjonell kompetanse "Steg for steg"
Dette er eit program Bjorhaug nyttar for utvikling av barns sosiale kompetanse. Steg for Steg tek føre seg tre hovudområde: empati, problemløysing og meistring av sinne.
1.2.2 Tilvenning
Tilvenning av nye barn i barnhagen startar tidleg i Bjorhaug barnehage. Me byrjar med foreldremøte etter at opptaket er ferdig, deretter inviterer me dei einskilde barna til eigne besøk nokre dagar i april/mai og juni. På denne måten kan me danne gode relasjonar allereie før barna byrjar i barnehagen.
1.2.3 Bgjengen, oppdagarferd og Bjorhaugråd
For dei eldste barna startar B-gjengen opp i slutten av august. Me skal på Jærmuseet ein gong i månaden, der skal me få vera med på mange kjekke opplegg. Målet med desse turane er å oppdaga, styrkje tilknytinga til nærmiljøet, og å gje barna gode felles opplevingar.
Ein gong i månaden har me oppdagarferd. Då tar me for ulike tema som landart, mengde, berekraftig utvikling, avstand, former, forteljingar, bokstavjakt og undring. Opplegget rundt desse turane kan variere frå gong til gong. El-syklane gjer at me kan sykle av gårde og få et breiare turspekter.
Frå januar skal me ha Trampolineaktivitet (Trampolineklubb) med fokus på spennande oppgåver, vennskap, sosial kompetanse og læring. I aktivitetsheftet kan barna bli kjent med elefanten Trampoline og vennen Rotta i ulike situasjonar, som på torget, ved frukostbordet og på tur i skogen. Heftet er inndelt i tema basert på fagområda frå rammeplanen, med vekt på leik, læring, undring og refleksjon, språkstimulering og omgrepsforståing.
Ein gong i månaden skal me ha møte med barna, der dei sjølve bestemmer kva møta skal heite. Barna skal også få bestemme kvar me skal gå eller sykle på tur, og kva middag me skal ha. Desse møta skal bidra til å lære barna å ta avgjersler og sjå ting frå andre sitt perspektiv. Gjennom desse møta ynskjer me at barna skal få innsikt i, og erfaring med, å være deltakande i eit demokratisk samfunn. Alle sine stemmer skal bli høyrde, og barna får erfare turtaking og væra lydhøyre for andre sine innspel. I tillegg gjer dei erfaringar med at deira val og handlingar påverkar situasjonar for seg sjølv og andra.
Frå februar/mars er det tilpassa skulestart, og de foreldre/føresette får informasjon etter kvart frå den skulen barnet skal starte på. Det vert samling ca. ein gong i månaden saman med dei andre som skal starte i første klasse på same skule. Her pleier barna få kvar si mappe med namnet sitt på, som inneheld ulike skuleførebuande aktivitetar.
Det vert og arrangert treffpunkt for barna som skal starte på dei ulike skulene på Nærbø, dette vert kalla “Leike i lag”. Barna som skal starte på same skule til hausten, møtast på leikeplassen til ulike barnehage/skular. Foreldra sjølve har ansvaret for barna denne tida, men det vil og være ansatte til stede på kvart treff. Meir informasjon om tid og sted kjem til våren.
Me vil ha mykje fokus på vennskap og gode relasjonar. Me skal samarbeide med ein eller to barnehagar slik at barna blir betre kjende med andre barn, og dermed får ein god overgang til skulen.
1.2.4 Gledesspreiarar og Llivsgledebarnehage
Gledesspreiarane er eit prosjekt me starta med i Bjorhaug barnehage, barnehageåret 2017/2018. Prosjektet favner om 4 åringene i barnehagen. For barnehageåret 2025/2026 vert dette barna som er født i 2021. Målet er at me skal skape ei trygg og inkluderande gruppe. Me skal starta med vår eigen barnehage og etter kvart venda nasen ut mot nærmiljø og samfunn. Me ynskjer å gleda dei som er rundt oss, og i år blir me i tillegg ein livsgledebarnehage.
Livsgledebarnehage er eit konsept som er eigt og drevet av “Livsglede for eldre”. Konseptet jobbar for at alle eldre skal ha ein god og meiningsfull kvardag. Ein livsgledebarnehage er med på å skapa glade og meiningsfulle dagar for eldre i sitt nærmiljø. Dette gjer me ved jamleg å dra på besøk til sjukeheimar, omsorgsbustader eller dagsenter. Barna og dei eldre gjer felles aktivitetar saman, og får oppleve at dei er viktige og til glede for kverandre. Dette inneber at me skal gå på besøk til sjukeheimen eit par gonger i året, og besøke og spreia glede saman med dei eldre.
Me håpar og trur at dette prosjektet vil gjera barna kjende med seg sjølve og omverda, samt at me kan danna gode og sterke relasjonar innanfor og utanfor barnehagen. Me ynskjer å skape forståing for andre sine situasjonar og sjå seg sjølve og si rolle i samspel med andre. Detaljert plan for dette opplegget vil bli delt ut.
1.3 Tema Naturen
“Barn skal lære å ta vare på seg selv, hverandre og naturen” står det i barnehagelovens formålsparagraf. Naturopplevingar i tidleg barndom vert ofte anset som av betydning for barn sine haldningar til natur seinare i livet.
Naturen gjer mogligheiter til leik, læring og aktivitetar.
Med naturen som tema ynskjer vi å skape naturglede, undring og kunnskap som vil fremme barnas nyskjerrigheit og evne til å leggje merke til å glede seg over dyr, planter og naturfenomen, og å ta vare på dette.
Vi i Bjorhaug barnehage vil bruke skogen og nærområda gjennom heile året. Sjå årstidene som endrar seg, og kva nytteverdi, aktivitetar og mogligheiter dei ulike årstidene byr på.