3 Fokusområde frå kvalitetsplan i barnehagen
Kvalitetsplan for barnehage er ein plan som skal gje retning for arbeidet som dreier seg om kvalitet og innhald i det pedagogiske arbeidet. Planen skal bidra til å synleggjere kommunen si målsetning om:
- Å gje barna ein god barndom
- At alle barn i barnehagen opplever læring og meistring kvar dag
Trygt og inkluderande barnehagemiljø, er satsingsområdet for alle barnehagar i Hå kommune dette året.
Alle barn skal oppleve å høyre til og vere ein del av fellesskapet i barnehagen. Personalet kan gjere ein forskjell ved å støtte barn i å etablere gode relasjonar og vennskap. Dei må arbeide førebyggande med å fremme faktorar som gjer eit positivt barnehagemiljø for barna. For å stoppe negative handlingar er det ein føresetnad at personalet er aktivt tilstade for å hindre negativ og ekskluderande åtferd.
Prosessmål
- Kompetanse på å skape trygge og inkluderande barnehagemiljø
- Gje alle barn oppleving av å høyre til i fellesskapet
- Kompetanse på å støtte barn si leik, læring og utforskning