Vi er frå havet | Gjenopning av Diktarstien

Vi er frå havet | Gjenopning av Diktarstien

Dato: Torsdag 26. mars 2026. Tidspunkt: kl. 17:00 - 20:00. Stad: Diktarstien og Hå gamle prestegard

Hå kommune og Hå historielag inviterer til ei storstilt gjenopning av Diktarstien.

Samarbeidspartnarar: Hå mållag, Hå gamle prestegard, Hå kulturskule, Hå bibliotek, Garborgsenteret, Klepp kommune. Etter over 20 år med vind og regn har stien og kulturminnet fått ei sårt tiltrengt oppgradering – og no feirar me det med eit arrangement fullt av musikk, poesi og lokalt engasjement. Oppgradering av diktarstien og arrangementet er støtta av: Sparebankstiftelsen SR-Bank,  Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå, Regionalt kulturfond Rogaland. 

Ingeborg Skrudland for Hå kommune


Kl. 17.00-17.30: Gjenopning av diktarstien på Tusenårsstaden

På Kyrkjehaugen ovanfor Obrestad hamn markerer me gjenopninga med talar og offisiell snorklypping. Jarle Obrestad speler. 

Parkering: Parker ved Hå gamle prestegard. Det er gratis buss t/r Hå gamle prestegard. Møt opp kl.16.40. 

Kl. 18.00–20.00: Musikk, poesi og litteratur på Hå gamle prestegard 

Velkomen til ein kveld med litteratur og poesi med utgangspunkt i diktarane i Diktarstien: Åse Marie Nesse, Tobias Skretting, Alfred Hauge, Arne Garborg, Alexander Kielland, Helge Torvund og Tor Obrestad.

  • Dans og song ved elevar frå Hå kulturskule. 
  • Musikkinnslag ved Jarle Obrestad, Torstein Obrestad, Gunnar Tønnesen og Jæren symfoniorkester (Hedvig Christiansen, Lars Ole Bergersen, Ulvi Hasanli, Roxana Soliman). Piano: Gunnar Due Tungland. 
  • Litteraturinnslag ved Helge Torvund, Nina Ellen Ødegård, Tom Hetland, Svein Høyland.  
  • Konferansier for kvelden er Mari Ask Helland. 

    Inngangspris: kr. 300 . Kjøp billett her 

 

Andre arrangement

Laurdag 21.mars kl. 11.00-13.00, Biblioteket Nærbø
I samband med gjenopning av diktarstien inviterer biblioteket til Leik og lag med ord. Kom til biblioteket og bli inspirert av kunstnaren Kirsten Opstad til å skrive ditt eige dikt om hav og himmel. Dikta vil vi gjerne stille ut i biblioteket.  Frå 1. trinn og oppover. 

Berekraftsveka 2026
Temaet «Vi er frå havet» vert òg markert i biblioteka si berekraftsveke i veke 17. «Livet i havet» er eitt av FNs berekraftsmål og handlar om å ta vare på og bruke havet på ein berekraftig måte. Biblioteka kan bidra til dette ved å formidle kunnskap og forsking om havet og artsmangfaldet i det. Arrangement i samband med berekraftsveka vert fortløpande annonserte i biblioteket sine kanalar.