Me vil senda ein stor takk til alle de kvardagsheltar som får Hå til å gå rundt – kvar dag, heile året.
Me set stor pris på innsatsen de legg ned, og håper at de får tid til å pusta ut, lada batteria – og kanskje oppdaga noko nytt i vår fantastiske kulturkommune i sommar.
For sjølv om mange nå snart tek ein velfortent ferie, tek Hå kommune aldri heilt fri. Mange av sommarens beste opplevingar er laga av oss, for oss og innbyggarane våre. Her er nokre flotte sommartips:
Tall Ships Races i Sirevåg:
Måndag 20. juli inviterer Hå kommune til ny skutefest når Sørlandet (Noreg), Thalassa (Nederland), Vera Cruz (Portugal) og Pascal Flores (Spania), og mange fleire, legg til kai i nydelege Sirevåg. Her blir det yrande liv, god mat og maritim stemning. Fint vêr er bestilt …
www.ha.no/tallships
JULIparken:
(Ja, du las rett. Det er JULI, ikkje JUL!) Dette er sommarversjonen av den kjære Juleparken, og Hå kommune inviterer til gratis familiearrangement dei tre første laurdagane i juli.
www.ha.no/juliparken
Lesesommar på biblioteket
Hå bibliotek lanserer tre lesekampanjar i sommar: Miniles for dei yngste, Sommarles for barn og Lesesommar for ungdommar og vaksne! Drøym deg bort i gode bøker og vinn fine premiar.
www.habibliotek.no
Ferieklubb for barn
I juli rullar vi òg i gang dei superpopulære ferieklubbane våre, Barn i juli og Ung i juli. Ferieklubbane er gratis, så lat gjerne barna dine oppleva det gode tilbodet frå Hå kulturskule.
www.ha.no/ferieklubb
Hå gamle prestegard og Obrestad fyr
Finn roen og få påfyll ved Hå gamle prestegard og Obrestad fyr. Opplev utstillingar, god atmosfære og kjøp noko godt i kaféen. Gratis inngang for alle tilsette i Hå kommune!
www.hagamleprestegard.no
Bli med på stolpejakt i Hå
To nye stolpejaktkart venter på deg i Hå i 2026. Hå kommune inviterer alle til å bli med på årets stolpejakt med to nye og spennande område på Varhaug og ved Steinkjerringa. Stolpejakta er ein fin og gratis aktivitet for heile familien, der du jaktar på stolpar plassert rundt om i terrenget.
www.ha.no/hei