Eit seminar mange set pris på
Kvart år arrangerer Time kommune seminar for pensjonistar i Storstova på Bryne. Seminaret har blitt svært populært, og dei siste åra har også Hå og Klepp kommune vore med som arrangørar.
Årets seminar blir halde tysdag 2. juni 2026, og programmet er no klart. Her får du faglege innlegg, kulturelle innslag og gode råd for kvardagen som pensjonist.
Tema som er aktuelle i kvardagen
Seminaret tek opp fleire tema som er viktige for mange pensjonistar, mellom anna:
- korleis halda seg i rørsle og ta gode val for helsa
- tryggleik i trafikken
- matglede og god munnhelse
- det å vera pårørande
- å bu trygt heime
- overgangen til pensjonisttilværet
- humor, glede og meining i kvardagen
Det blir også kulturelle innslag og rikeleg høve til pausar og prat.
Tid og stad
Dato: 2. juni 2026
Tid: kl. 10.00–14.00 (morgonkaffi frå kl. 09.30)
Stad: Storstova, Bryne
Påmelding
Dersom du tenkjer at dette er noko for deg, er du hjarteleg velkomen til å melda deg på.
Påmeldingsfrist: 25. mai 2026
Du melder deg på via lenka her.
Program
Fullstendig program og meir informasjon finn du på plakaten under.

Kortversjon (for deg med redusert syn)
Invitasjon til seminar for deg som er pensjonist
Dato: 2. juni 2026
Tid: kl. 10.00–14.00
Stad: Storstova, Bryne
Eit gratis seminar med faglege innlegg, kulturelle innslag og praktiske råd for ein god pensjonistkvardag.
Arrangørar er Time, Hå og Klepp kommune.
Påmeldingsfrist: 25. mai 2026.