Lever landøyde i eigne konteinarar

Også i år har Hå kommune sett ut konteinarar for innsamling av den giftige planten landøyde. Innsamlingsordninga skal bidra til å redusere spreiinga av planten og verne beitedyr.

Blomstrande landøyde med gule blomar veks i eit grasdekt område. Planten står i framgrunnen, med vegetasjon og steinar i bakgrunnen. - Klikk for stort bilete Veterinærinstituttet.

Landøyde er ein giftig plante som kan vere skadeleg for beitedyr dersom han blir eten. For å gjere det enklare å samle inn og levere planten, har Hå kommune sett ut to konteinarar for innsamling.

Du finn konteinarane her:

  • Hjå Tor Gudmestad, Nordsjøvegen 1940 på Nærbø
  • Hjå Bjørn Friestad, Nordsjøvegen 3636 på Brusand

Konteinarane er grøne og merka med landøyde-plakat.

Grøn konteinar merkt for innsamling av landøyde står på ein grusplass hjå Tor Gudmestad i Nordsjøvegen 1940 på Nærbø. På sida av konteinaren heng ein plakat for landøydeinnsamling, og eit stort tre står i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteKonteinaren for innsamling av landøyde står hjå Tor Gudmestad i Nordsjøvegen 1940 på Nærbø. Konteinaren er merka og skal berre nyttast til landøyde.

Konteinarane skal berre nyttast til landøyde. Me ber derfor om at plast, sekkar og anna emballasje blir fjerna før plantene blir leverte.

Ved å fjerne landøyde frå eigedomar og beiteområde kan me saman bidra til å avgrense spreiinga av planten og ta vare på landbruks- og kulturlandskapet vårt.

Du finn meir informasjon om landøyde og korleis planten bør handterast i faktaarket frå NLR Rogaland.