Kulturvernprisen 2025 til Jonsahuset på Nærland

Kulturvernprisen 2025 går til eigarane av Jonsahuset på Nærland. Huset frå 1890 er restaurert med stor fagkunnskap og fungerer i dag som ein levande møteplass som tek folk med tilbake i tid.

Jonsahuset på Nærland – reist i 1890 og restaurert med stor fagkunnskap i 1989.

Hå kommune har gleda av å kunngjere at Kulturvernprisen 2025 går til eigarane av Jonsahuset på Nærland. Prisen vert delt ut annakvart år til personar, lag eller verksemder som har gjort ein særskild verdifull innsats for kulturvern og bygningsvern i kommunen.

Jonsahuset er eit våningshus reist i sveitserstil i 1890 og restaurert med stor fagkunnskap i 1989. Når du går inn i huset, er det som å reise tilbake i tid. Dei originale trepanelane, den autentiske romløysinga og møblar frå tidleg 1900-tal skapar ei unik atmosfære. Her kan ein oppleve korleis detaljar og omsorg for kulturarv gir liv til historia. 

Originale trepanel og autentiske møblar tek deg tilbake til tidleg 1900-tal.

I dag fungerer Jonsahuset som ein inkluderande møteplass for lokalsamfunnet. Juryen understrekar korleis eigarane gjennom samarbeid har sikra både bevaring og levande bruk – eit godt døme på korleis kulturarv kan vere berekraftig når ho er i aktiv bruk. Huset er ikkje berre eit bygg, men ein stad for fellesskap, kulturarrangement og historier som bind generasjonar saman.

Publikumsnominasjonen framhevar kor mykje huset betyr for lokalmiljøet:
-De gjer ein formidabel innsats i ivaretaking av Jonsahuset og historia. Vi får oppleve atmosfæren, høyre historier, songar og dikt.

Prisen består av diplom, plakett og ei pengegåve på 25 000 kroner. Overrekking skjer på ordføraren sitt nyttårssamkome 1. januar 2026.