Kommunedirektøren advarer mot redusert handlingsrom framover

Kommunedirektør Anne Berit Berge Ims la tirsdag fram forslag til budsjett for 2026, og handlings- og økonomiplan for 2026 – 2029.

Ho oppfordrar dei folkevalde til å tenka grundig gjennom fleire vegval.

-Me lever i ei meir usikker og uforutsigbar tid som legg press på mange av tenestene våre. Investeringsnivået er allereie høgt. Kommunestyret har vedtatt å bygge ny barneskule på Vigrestad. Ein ny skule på Vigrestad til totalt 460 millionar kroner, vil auka gjeldsgrada og minka det økonomiske handlingsrommet i lang tid framover. Me har framleis tid til å tenka oss om, seier Berge Ims.

Utfordringar framover

Det er fleire forhold som utfordrer det økonomiske handlingsrommet i Hå kommune framover:

  • Hå har fleire små barnehagar enn dei andre jærkommunane, og utgiftene våre er derfor høgare.
  • Løns- og pensjonsutgiftene aukar.
  • Me har tatt imot fleire flyktningar enn mange andre – og det vil om få år kosta meir enn me mottek i tilskott. Me må dermed bruka av fond (sparepengane).
  • Hå kommune har lånt mykje pengar til dei store investeringane me er i gang med – brannstasjon på Nærbø, barnehage på Brusand og burettslaget Viervegen.
  • Det ligg inne investeringar for 1,33 milliardar kroner.
Illustrasjon som viser gjeld, netto driftsresultat og bruk av disposisjonsfond. - Klikk for stort bilete2026: Trekanten viser korleis balansen mellom netto driftsresultat, disposisjonsfond og gjeld blir i 2026, gitt føringane i budsjettet.Illustrasjon som viser korleis balansen vil vera i 2029 gitt alle investeringer - Klikk for stort bilete2029: Trekanten viser at handlingsrommet blir mindre i 2029, gitt alle investeringane som ligg inne i budsjettet.

Alt dette gjer at driftsresultatet er lågare enn målsettinga. Me brukar av sparepengane, og gjelda aukar i urovekkande fart. Handlingsrommet blir mindre. Hå kommune er fortsatt på grønt nivå på handlingsromindeksen, som betyr større grad av økonomisk handlingsrom, men me nærmer oss gult nivå og eit meir moderat økonomisk handlingsrom:

Grafer som viser utvikling i økonomisk handlingsrom over tid. diagram - Klikk for stort bileteGrafen viser at det økonomiske handlingsrommet til Hå kommune minkar, og nærmer seg gult nivå.

 

Kommunedirektøren har i denne omgang ikkje lagt inn generelle omstillingskrav, men vil arbeida grundig med dette i 2026 i samband med at fleire viktige planar med behov for omstilling blir lagt fram.

Me løfter i lag

Handlings- og økonomiplanen for 2026 - 2029 er eit resultat av innsatsen til tilsette, tillitsvalde og leiarar. Kommunedirektøren vil retta ein stor takk til alle som bidreg i dette viktige arbeidet. Prosessen har vore prega av konstruktive, ærlege og opne tilbakemeldingar, som har gjort forslaget stadig betre. I Hå løfter me i lag. Det er eit godt fundament for å lukkast  i tett samarbeid med innbyggarane og dei folkevalde.

Budsjettet skal nå behandlast i alle politiske utval, og vedtak i kommunestyret 11. desember 2025. Heile planen kan lesast her

Nøkkeltal:

  • Netto driftsresultat 22,5 millionar kr (1,0 %)
  • Inntekter; 2,2 milliardar i 2026
  • Investeringar i planperioden: 1,33 milliardar kroner
  • Lånegjeld i 2026: 1,5 milliardar  aukar til 1,8 milliardar i 2029