Barneverntjenesten i Hå kommune jobber for at alle barn i kommunen skal ha ein trygg og god oppvekst. I nokre tilfelle kan ikkje barn bu heime, og då leiter me i familie og slekt. Når det ikkje er mogleg her, erfarer me at det som regel er best for barnet å flytta til nokre i nærmiljøet sitt.
At barnet kan fortsetta i same barnehage eller skule og med fritidsaktivitetane sine, vil bidra til normalitet og tryggleik i ei elles sårbar tid. Det vil også gjera overgangen til ein fosterheim og gjennomføring av samvær med foreldra lettare.
I lag om ongane okkas
I lag om ongane okkas er grunnforståinga i arbeidet med å ta vare på barn og unge som treng fosterheim i Hå. Me må saman sikra at alle barn får ein trygg og kjærleg omsorgssituasjon, og at barn som treng fosterheim kan fortsetta å bu i kommunen når det er til barnets beste.
Hjartevarme i Hå
Me ønsker derfor å dela desse hjartevarme historiane til fosterheimar i kommunen vår, i håp om at det kan inspirera fleire til å ta det første steget.
Eg kjende han frå før. Det gjorde det lettare å seie ja | Bufdir
Informasjonsmøte om fosterheimar
Vil du vita meir om korleis du kan gjera ein meningsfull forskjell i eit barns liv? Fosterhjemstjenesten i Bufetat arrangerer digitalt informasjonsmøte for deg som er nysgjerrig på kva det vil seia å vera fosterheim.
I dette møtet får du god informasjon om det å vera fosterheim, og du vil kunna stilla spørsmål viss du ønsker det. Du vil også møta ein fosterforelder som deler sine personlige erfaringar som fosterheim. Det er heilt uforpliktande å delta på dette møtet.
Bli med på informasjonsmøte:
Dato: 15.09.2026
Tid: Kl. 20.00 til 21.30
Sted: Du deltar frå di eiga stove
Påmelding: Digitalt informasjonsmøte om fosterhjem | Bufdir
