Invitasjon til medverknadsmøte om ny reguleringsplan i Nærbø sentrum

Hå kommune inviterer naboar og andre interesserte til informasjons- og medverknadsmøte om ny detaljregulering for Nærbø sentrum, delfelt 3C. Målet med møtet er å få innspel til korleis området kan utviklast til beste for både nabolaget og sentrum, med særleg vekt på gode løysingar for aldersvennleg bustadbygging.

Bilete av Hå bibliotek på Nærbø i samband med medverknadsmøte om nytt bustadområde for Nærbø sentrum i delfelt 3C  - Klikk for stort bilete

Vil skape gode bumiljø

Planarbeidet omfattar eit område mellom Hå bibliotek og Coop Extra i Nærbø sentrum. Her ønsker kommunen å leggja til rette for aldersvennlege bustader, med tilhøyrande parkering og gode uteområde.

– Korleis kan området bli ein positiv tilvekst til nabolaget? Og korleis kan me leggja til rette for at det blir ein god stad å bli gammal i? Dette er spørsmål kommunen ønsker innspel til, og som vil stå sentralt i møtet.

Inviterer til medverknad

Planen vart først handsama i april 2026, og arbeidet starta opp hausten 2025. Nå ønsker kommunen å involvera innbyggjarane i vidare utvikling av prosjektet.

På møtet vil det bli høve til å koma med uformelle innspel, særleg knytt til:

  • uterom og fellesområde
  • organisering av bofellesskap
  • kvalitetar som gjer området attraktivt for ulike aldersgrupper

 

Bakgrunnen for satsinga er aukande interesse for bofellesskap, som både innbyggjarar og politikarar i Hå har løfta fram som ei viktig buform i framtida. I mai 2025 vedtok formannskapet å leggja til rette for utvikling av slike bustadprosjekt i både Varhaug og Nærbø sentrum.

Tid og stad

Dato: onsdag 10. juni

Tid: kl. 18.00–19.30

Stad: Hå bibliotek, Dalvegen 21, Nærbø

Slik melder du deg på

For å delta må du senda e-post til post@vil-bo.no innan tysdag 9. juni.

Kommunen oppmodar også grunneigarar til å informera leigetakarar og andre med rettar på eigedomane om møtet.

Kontaktpersonar

Hå kommune:

Plansjef Ole Vikse – ole.vikse@ha.kommune.no

Planleggjar Einar Serigstad – einar.serigstad@ha.kommune.no

Utbyggjar (VilBo):

Randi H. Augenstein – ra@hha.no

Arkitekt (Helen & Hard):

Mathias Wijnen – mw@hha.no

 

Kommunen håpar mange vil delta og bidra med innspel som kan forma eit framtidsretta og inkluderande bumiljø i Nærbø sentrum.