Har du lyst til å teste ei pilegrimsvandring ?

Bli med på ein lett og innhaldsrik tur der du får oppleve noko av det beste Kystpilegrimsleia har å by på: vakker natur, lokal historie, kultur, turfellesskap og gode opplevingar undervegs. 
Dato: Onsdag 23. september.   Billett (inkl buss og enkel servering): kr 200. Påmeldingsfrist: 1. september. 
Lenke til påmelding

Program
Kl 10.45 Avreise frå Nærbø stasjon.
Kl 11.00 Turen startar ved Madland hamn. 
• Lars Erling Friestad frå Hå kommune fortel om Kystpilegrimsleia og Kongevegen. 
• Jæren Pilegrimskomite leiar ein minipilegrimstur frå Madland hamn til Varhaug gamle kyrkjegard. 
• Musikk ved harpegitarist Rune Grinde Pedersen ved Varhaug kapell. 
Kl 14.00 Enkelt måltid og mulighet for å oppleve utstillingane og besøka Kunstbutikken på Hå gamle prestegard. 
Kl 15.00 Høgtideleg avduking av milestein ved varaordfører Svein Arve Nygård. 
Kl 15.30 Vandring frå Hå gamle prestegard til Njærheim gamle kyrkjegard, kor du få vita meir om den gamle Nærheimskrossen. 
Kl 17.00 Busstransport tilbake til togstasjonane på Nærbø og Bryne. 
 
Ta på deg gode sko og bli med på tur i roleg tempo langs kysten. Dette er ei fin moglegheit til å prøve ei pilegrimsvandring for første gong, eller bli endå betre  kjend med historia og naturen langs Kystpilegrimsleia lokalt i Hå kommune.  Vel møtt! 

Kystpilegrimsleia, vandring ved Varhaug gamle kyrkjegard