Tidlegare har du hatt tømming av avfall same vekedag heile året. Frå nyttår blir det forskyving etter heilagdagar og tømming på ulike dagar.
Sjekk tømmekalenderen for å finna datoane dine.
Kvifor endrar me tømmedagane?
Det er både for å gi betre arbeidsvilkår til renovatørane, og for å redusera miljøbelastninga. Med den nye ordninga unngår me innkøyring på heilagdagane, det blir mindre overtid og meir forutsigbare arbeidstider for renovatørane. Det vil dessutan bli mindre køyring og støy, sidan Renovasjonen kan jobba meir effektivt og optimalisera rutene på kvardagane.

Sist endra 18.12.2025 14.29