Bytte av vassmålarar i Hå kommune

Alle dei gamle vassmålarane skal byttast ut med nye, digitale. Ein røyrleggar vil kontakta deg når turen kjem til deg.

Nye digitale vassmålarar

Hå kommune skal byta ut dei gamle vassmålarane med nye digitale vassmålarar. Kommunen betaler for å byta ut vassmålarane og eventuelt rett konsoll. Om du har ein stor vassmålar, vil den bli erstatta av fleire mindre målarar. Då vil også kommunen ta kostnaden til å montera målarane på.

 Kva må du sørgja for?

  • at stengekrana fungerer
  • at det er plass til montering av vassmålaren og konsoll
  • at den ikkje blir øydelagd av frost eller andre måter

 

Byte av alle vassmålarar i kommunen vil skje fordelt over fleire år. Ein røyrleggjar vil kontakta deg for å avtala tid for bytet.

Sikring mot tilbakestrømning

Alle som er knytt til ein offentleg vassleidning må sørga for at vatnet i røyra ikkje kan strøyma tilbake og forureina vatnet. Røyrleggjaren som byter vassmålaren veit kva som trengst, og vil dokumentera at du har rett sikring. Om du ikkje har det, vil kommunen be deg om å installera det. Du må betala for denne sikringa sjølv, men du kan velja kva røyrleggjar du vil bruka. Røyrleggjaren som byter vassmålaren kan også gjera denne jobben om du ønskjer det.

Varmtvassbehaldar og ekspansjonskar

Når tilbakestrømssikringa er på plass, vil trykket i røyra auka fordi vatnet utvidar seg når det blir varma opp. For å unngå skadar på røyra eller anna utstyr, må det installerast eit ekspansjonskar. Nokon har dette allereie, men røyrleggjar vil sjekka og gi deg meir informasjon om dette. Du må betala for ekspansjonskar sjølv. Røyrleggjaren som byter vassmålaren kan også installera ekspansjonskar om du ønskjer det.

Meir informasjon kan du lesa her: 

Sikring mot tilbakestrømning av forureina væske til drikkevassleidningar

Korleis velga og installera tilbakestrømssikring?