Bli med på turtrim i Hå

Ti turar og ei ny stolpejakt ventar på deg i Hå denne våren.

Hå kommune inviterer alle til å bli med på årets tursesong med ti spennande turar som passar for heile familien. Dette er det tredje året Hå kommune tilbyr turkortet Hei Hå, og nytt for året er at du også kan velga mellom å kryssa av turane i turkortet eller registrera dei digitalt i appen Stikk UT!  I tillegg lanserer også kommunen ei ny stolpejakt i Sveineskogen.  Alt er gratis å delta på.

Turkort og turtrim

Bilde av ordføraren i Hå som viser fram ei bunke med turkort - Klikk for stort bileteOrdførar i Hå, Andreas Bjorland, ønsker velkommen til årets tursesong.

Registrering

  • Last ned appen Stikk UT! for å registrera turane. 
  • Du kan også få tak i turkort i papir på biblioteka i Hå, Hå rådhus, Vitengarden og Hå gamle prestegard.

Premiering:

  • Alle som deltek blir med i trekninga av årskort på Jærmuseet og fine premiar frå Hå gamle prestegard. 
  • Dei som går tre eller fleire turar kan også levera inn turkort ved biblioteka i Hå og få Hå-medaljen. 

Stolpejakt i Sveineskogen

Som ein del av totalpakken tilbyr Hå kommune også stolpejakt i Sveineskogen. Stolpejakten er ein spennande aktivitet for heile familien der du jaktar på stolpar plassert rundt om i skogen. 

Du finn meir informasjon på Stolpejakten.no.

Bilde av mann og ein stolpe - Klikk for stort bileteLars Erling Friestad i Hå kommune har nettopp vore ute og sett opp 26 stolpar i Sveineskogen.