Anny Hagesæter får Hå kommunes frivilligpris for 2025

Hå kommunes frivilligpris for 2025 vert tildelt Anny Hagesæter for hennar langvarige, helhjarta og betydningsfulle frivillige innsats i kommunen.

Portrett av Anny Hagesæter, mottakar av Frivilligprisen 2025 i Hå kommune. - Klikk for stort bilete

Ein pioner for inkludering

Tidleg på 2000-talet tok Anny initiativ til å starte Språksprell, eit tilbod retta mot nye landsmenn som har kome til kommunen. Ho har vore ein sentral drivkraft bak tiltaket heilt frå starten, både gjennom organisering, koordinering og rekruttering av frivillige. Språksprell vert gjennomført to gonger i veka – éin gong på Varhaug og éin gong på Nærbø – og har hatt stor betydning for mange av deltakarane.

Gjennom Språksprell har Anny bidrege til språktrening, inkludering og sosial tilhøyrsle for menneske som er nye i lokalsamfunnet. Mange deltakarar fortel kor viktig dette tilbodet har vore for etablering og integrering i kommunen. Fleire godt etablerte flyktningar og innvandrarar trekkjer fram vennskap, støtte og praktisk hjelp som Anny har gitt også utanfor sjølve aktiviteten.

Eit engasjement som gjer forskjell

Anny har vist eit sterkt personleg engasjement for å inkludere nye familiar i lokalmiljøet og hjelpe dei med å byggje nettverk. Ho har mellom anna bistått med praktiske utfordringar, inkludert hjelp til å skaffe bustad, og har på denne måten gjort ein konkret forskjell i mange menneske sitt liv.

I tillegg har Anny, saman med mannen sin, vore initiativtakar til Vennelaget ved Lensmannsløa på Varhaug. Ho var også aktivt med i komiteen som stod for innreiinga, og bidrog til å skape eit inkluderande og triveleg samlingsstad for lokalsamfunnet.

Ei verdig prisvinnar

Anny Hagesæters frivillige innsats er kjenneteikna av varme, uthald og eit sterkt ønskje om å inkludere alle. Arbeidet hennar har hatt stor betydning både for enkeltmenneske og for fellesskapet i kommunen, og ho er derfor ein svært verdig mottakar av Frivilligprisen 2025.

Om prisen

Frivilligprisen er ein heiderspris som vert delt ut til ein person, organisasjon eller gruppe som har gjort ein særleg innsats for frivillig arbeid i Hå kommune. Prisen består av eit diplom og 25 000 kroner.
Prisen vert formelt utdelt på ordføraren sitt nyttårssamkomne på Vitengarden den 1. januar 2026.