Bli kjent med Varhaug skule
På Varhaug skule er me stolte skulebygg, elevar og tilsette. I denne videoen syner me fram noko av det me har å by på!
Varhaug skule ligg midt i bygda, og har elevar frå 1. til 7. trinn. Me har ca. 500 elevar og over 70 tilsette, som alle er her for å gje elevane ein best mogleg fagleg og sosialt utbytte.
Vår visjon er "Me løfter kvarandre". I det ligg blandt anna at me gjer alt me kan for at skulen skal vera ein god arena for utvikling for kvar enkelt. Her finn du meir om visjonen vår.
Sist endra 19.09.2023 04.00