Alle elevane kan abonnera på mat, mjølk og frukt. Elevane får frukt 5 dagar i veka, mat og mjølk 4 dagar i veka. Tysdag er kort dag frå 08:15 - 11:10, og det er difor ikkje servering av lunsj på tysdagar.
Me har eigen kokk på skulen, Tone Egeland, som ordnar maten i lag med elevar på 6. og 7. trinn.
Bestilling og endring
Betalinga skjer to gongar kvart skuleår (19 veker x 4 dagar kvart halvår). Skal elevar seia opp abonnement, må skulen ha beskjed før 1. desember for vårhalvåret, og 1. juni for hausthalvåret.
Prisar:
- Mat: 18 kroner per dag
- Mjølk: 6 kroner per dag
- Frukt: 4 kroner per dag
- Varmt måltid (torsdagar): 342 kroner per halvår
Alle elevar som abonnerer på skulemåltid har varm mat inkludert, men det er og mogleg å abonnera på varm mat utan lunsj elles i veka.
Send e-post til Liv Tone i administrasjonen for å bestilla og endra.