Danseglede

Hå kulturskule vil i samarbeid med Frisklivssentralen inviterer unge vaksne (18-30 år) i Hå til "Danseglede"

Open dansetime for alle – med eller utan danseerfaring. Fokus på meistring og danseglede. Velkommen akkurat som du er!

Dag og stad: 
Fredagar på Jadarheim (oppstart 16.oktober)
Jadarvegen 32, 4365 Nærbø

Klokka: 
0945: Vi startar med kaffe/te, litt frukt og drøs
1000 - 1100: Dans

Målgruppe:
Unge vaksne 18-30 år

Lærar: Ester Frantzen Aarsland
Pris: Gratis 

For å kunne sende mer informasjon eller beskjeder i forbindelse med tilbudet er det fint om du noterer navn, alder, mobil og epost her:

Meld din interesse her

Danseglede er ein lågterskel møteplass for deg som har lyst til å danse og bevege deg saman med andre. Du treng ingen danseerfaring og treng ikkje å vere ein dansar for å delta. 

Gjennom enkle og leikne øvingar og dansetrinn utforskar vi bevegelse, musikk og dans med fokus på danseglede, fridom og meistring. Her er det ikkje viktig å gjere ting perfekt eller prestere. Målet er å kjenne gleda ved å bruke kroppen, oppleve meistring og ha det kjekt saman. 

Hjarteleg velkomen!