Informasjon om elevpermisjon
Forskrift til Opplæringslova
§2-11. Permisjon frå den pliktige opplæringa
Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker.
Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skolen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.
Søknad om permisjon skal sendast til skulen.
Føring av fråvær på vitnemålet:
For inntil 10 skuledagar i eit opplæringsår, kan eleven krevje at følgjande fråvær ikkje vert ført på vitnemålet:
- dokumentert fråvær som skyldast helsegrunnar
- innvilga permisjon etter opplæringslova 2-11.
For at fråvær som skyldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær som skyldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.
Publisert av Mikal Risa
Publisert 17.01.2023 20.59