I opplæringslova står det at opplæringa skal skje i samarbeid og forståing med heimen. Og læringsplakaten seier at det er føresette som har hovudansvaret for barna og at dei difor må ha medansvar i skulen.
Skulen og heimen har saman ansvar for å leggja til rette for eit godt samarbeid. Faste rutinar for samarbeidet:
Forventningsdokument
Skulen har i samarbeid med elevrådet og FAU laga eit felles forventningsdokument til skule/heim samarbeidet.
Foreldremøte
Det vert invitert til to foreldremøte på trinnet kvart skuleår, eit på hausten og eit på våren. Ved behov kan ein invitera til fleire møte.
Foreldrekontaktar
Det vert vald ein foreldrerepresentant frå kvar kontaktgruppe. Dei vert bindeledd mellom føresette i kontaktgruppa og skulen. Foreldrekontaktane på kvart trinn vert invitert til minst eit samarbeidsmøte i halvåret der ein tek opp aktuelle saker. Det er viktig at dei føresette nyttar sin foreldrekontakt til å ta opp saker dei føler er viktige.
Utviklingssamtale - samtale med faglærar
Elev og føresette blir invitert til utviklingssamtale på skulen. Tidspunkt vert avtala med kontaktlærar.