Hå kommune har sett behovet for ei løysing for enkel og sikker toveiskommunikasjon mellom skule og heim, og har kjøpt tilleggsmodulen i Visma Flyt, som heiter Min Skole Pluss. Min Skole Pluss består av ein app for dei tilsette og ein for føresette.
Kommunikasjonen har fram til no skjedd via e-post eller SMS, som blant anna har nokre ulemper når det gjeld informasjonssikkerheit og personvern. Data frå dei nye appane vert behandla og lagra i Norge i samsvar med gjeldande GDPR-regelverk. Frå no av ynskjer skulane som ein regel at kommunikasjon skjer via meldingar i appen.
Appane kan du laste ned via Google Play eller App Store.
Appen Min Skole - foresatt
Via appen vil føresette kunne kommunisera med skulen, og motta informasjon. Funksjonar som finnst i føresettappen per i dag:
- Senda melding til ein/fleire tilsette ved skule der ein har barn
- Motta melding fra tilsette/skulen, inkludert varslingar td. på SFO og digitale skjema
- Melda og redigera fråvær
Her finn du forklaring til føresette på Visma si heimeside.
Til andre funksjonar i Visma Flyt Skole, som td. å sjå vurderingar, må føresette framleis logge inn på hjemmeweben via nettlesar.