Skulemiljøutvalet
Ved kvar skule skal det vera eit skulemiljøutval. I dette utvalet skal elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skuleleiinga og kommunen vera representerte. Skulemiljøutvalet skal vera sett saman slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal.
Samarbeidsutvalet kan sjølv vera skulemiljøutval. Når samarbeidsutvalet fungerer som skulemiljøutval. må det verta utnemna tilleggsrepresentantar for elevane og foreldra. slik at dei samla får fleirtal.
Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av lovfesta teieplikt blir behandla i skulemiljøutvalet. Når elevane ikkje er til stades, skal foreldrerepresentantane ha dobbeltstemme tilsvarande bortfallet av elevrepresentantane sine stemmer, eller talet på foreldrerepresentantar aukast tilsvarande.
Skulemiljøutvalet skal medverke til at skolen, dei tilsette, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø. Skulemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulemiljøet, jf. kapittel 9a.
Representantar for skuleåret 2023-2024
- Lærarane: Elisabeth Hovstad Taksdal
- Lærarane: Sissel Pommeresche
- Andre tilsette: Hilde Berg Reve
- FAU: Elisebeth Berge
- FAU: Iver Henry Kvernes
- Elevrådet: Lisa Håland Nedrebø
- Elevrådet: Sunniva Kartevold
- Kommunal representant: Vegard Ask
- Rektor: Kris Georgsen
Leiar: Kris Georgsen
Nestleiar: Iver Henry Kvernes
SU-årshjul (PDF, 64 kB)