Beredskap i Hå kommune

Me vil ha eit robust lokalsamfunn - der alle tek ansvar. Hå kommune skal bidra til å skapa eit samfunn som er godt førebudd. Også når noko ein sjeldan gong skulle gå gale, skal me løfta i lag.

Kontakttelefonar under krise:

Brann110
Politi112
Lege / AMK113
Legevakt i Hå116 117
Hå kommune51 79 30 00

Beredskap i Hå

 

Beredskapen i Hå kommune bygg på ein risiko- og sårbarheitsanalyse. Uønska hendingar eller kriser vil frå tid til anna ramme kommunen vår. Når dette skjer vil beredskapsleiinga i Hå kommune bli samla i rådhuset.

Beredskapsleiinga skal koordinera alle kommunale tiltak. Nødvendige tiltak skal normalt bli gjennomført i samsvar med gjeldande fagplanar. Kva fagplanar som blir tatt i bruk, kjem an på kva type hending/krise som er aktuell.

Beredskapsleiinga kan knyta til seg ressursar etter behov. Dette kan vera Norske sanitetskvinner, Røde Kors, Hå kyrkjelege fellesråd, Sivilforsvaret og andre organisasjonar.  

Ved mange uønska hendingar er det politi/brannvesen som eig hendinga. Kommunen si oppgåve vil då vera å bistå politi og brannvesen.