14 Visjonen bak den nye visuelle identiteten
Den nye visuelle identiteten til Hå kommune står på skuldrene av profilen som var ny i 2015. Visjonen Me løfter i lag og verdiane open, driftig og stolt ligg til grunn for alt arbeidet med vidareutviklinga. Behovet for å modernisera og tilpassa dei digitale flatene, tvinga fram ei endring.
Kommunikasjons- og innovasjonsavdelinga leia arbeidet, og det var naturleg å involvera brukarane breitt for å finna fram til kva som er identiteten til håbuen. Innbyggarar, folkevalde og tilsette, unge og eldre vart spurt om kva dei var mest stolte av i Hå. Ord som landbruket, dugnaden og det opne landskapet med hav og himmel var klare vinnarar. Dette stadfester kor godt det passar med steinbukken i kommunevåpenet vårt, og visjonen Me løfter i lag. I tillegg har behovet om å laga ein profil som er brukarvennleg, digital og universelt utforma vore viktig.
Sentralt i den nye identiteten er dei organiske formene som er inspirert av steinar. Steinen og steinbukken er viktige identitetsmarkørar i Hå. Dei symboliserer arbeidet, det solide, rydding og nydyrking, det harde slitet og det karakteristiske landskapet. Steingardane buktar seg gjennom heile Hå, og har gjennom generasjonar vore både grensemarkørar og skilje for dyr og menneske. For å bygga ein steingard trengs mange, mange steinar. Då blir det solid. Det same gjer Hå-fellesskapet. Me treng mange ulike folk i all slags former og fasongar for å bygga storfellesskapet og for å løfta i lag.
Nokre gonger i designet aner du ei linje rundt steinane. Det kan symbolisera dei fine linjene i kommunen vår; Kystlinja, strendene som me er så stolte over, jernbanelinja eller dei buktande steingardane.