10 Messemateriell og profileringsartiklar
Messemateriell og profileringsartiklar er produkt me brukar til merkevarebygging.
Målet er å auka synlegheit, styrka merkevara og skapa eit profesjonelt uttrykk. Her finn du alt frå rollups og banner til klede og koppar. Manualen viser utvalde produkt, men det er mogleg å supplera med andre artiklar.
Bruk Hå kommune sin outline-logo til messemateriell og profileringsartiklar.
Messemateriell
Rollups
Rollups i standard størrelse 85x225 cm. Dette er eit fleksibelt produkt som også kan bestillast i andre breidder.



Banner (takhengt)
Dette er ein fin variasjon til rollups. Det er eit fleksibelt produkt som kan bestillast på mål. Det finst fleire variantar av tekstilar som kan brukast. Ein lett tekstil gir for eksempel eit delikat og luftig uttrykk.


Beachflag


Messevegg
Dersom Hå kommune skal på ei viktig messe, kan det vera aktuelt med ein messevegg. Standard høgde er 2450 mm, og breidda blir tilpassa størrelse på stand. Kontakt leverandør for anbefaling av størrelse etter ditt behov. Vegg kan leverast med lys, som ein lysboks, med maks breidde på 3 meter.


Messedisk
Det finst ulike typar messediskar det går an å bestilla.


Profileringsartiklar
T-skjorter
T-skjorter i Hå kommune sine basisfargar svart, kvit og lyseblå med enkel logo.

T-skjorter kan også bestillast i fleire ulike fargar som harmonerer med fargepaletten til kommunen.

Det går an å bruka steinformer i ulike fargar til å visa fram eit arrangement, ein verdi, slagord eller avdeling. Det går også an å trykka tekst bak på t-skjorta.

Luer
Du kan bestilla luer i ulike farger som plukkar opp nyansar fra fargepaletten til Hå kommune.

Refleks

Flasker
Det finst drikkeflasker i mange ulike variantar, fargar og størrelser. Bruk kvite eller blanke flasker. Du kan bruka bare logo eller logo og steinformer. Her ser du eksempel på fine oppsett som kan bestillast.






Kopp
Det finst koppar i mange ulike variantar, fargar og størrelser. Bruk kvite keramikkoppar. Du kan bruka bare logo eller logo og steinformer. Her ser du eksempel på fine oppsett som kan bestillast.



Penn



Nøkkeling


Handlenett

Ta kontakt med komminikasjonsavdelinga dersom du treng rettleiing.