Nå kan du enkelt laga flotte plakatar, flyers, brosjyrar og andre trykksaker i Hå kommune sine fargar og former i eit kult verktøy som heiter Designmaskinen..
Her finn du Designmaskinen
Sånn funkar designmaskinen:
- Velg format og mal som passar til det du skal laga
- Rediger mal ved å endra tekst, bilde og fargar
- Det er begrensa med plass til tekst, så skriv kort og godt
- Eksporter dokumentet
- Skriv ut, send til trykkeri eller publiser
- Ver stolt av deg sjølv – du er nå ein designar!
Innlogging
- Gå til designmaskinen her: https://app.designmaskinen.com/
- Velg “Fortsett med Microsoft”
- Logg deg inn med full jobbmailen din og passordet du brukar for å logga inn på PCen din.
- Følg oppskrifta du får. Det kan henda du må lasta ned appen "Microsoft Authenticator" for sikker pålogging.
- Ta kontakt med IT på it@ha.kommune.no dersom du strevar med innlogging.
Utskrift
Du kan skriva ut plakatar og flyers sjølv eller bestilla frå trykkeri. Me har ikkje ei avdeling i kommunen som printar ut for deg. Innstillingar for utskrift kan variera frå printer til printer, men her er nokre gode råd.
A5 flyer
Bruk Adobe Acrobat Reader til å skriva ut. For å få skriva ut A5-flyer på to sider, må du velja Skriv ut / Sideskalering og håndtering -> Hefte. Då kjem utskrifta i korrekt storleik og på begge sider av arket. Så må du dela arket i to med papirkuttar/saks.
Dobbeltsjekk at du har aktivert fargeutskrift:
- Konica Minolta: Egenskaper / Min kategori / Velg farge -> Fullfarge
- Canon: Egenskaper / Grunninnstillinger / Fargemodus -> Automatisk
A5 Brosjyre
For å få teksten rett veg på begge sider gjer du sånn:
Bruk Adobe Acrobat Reader. Skriv ut/Sideskalering og -håndtering/Størrelse/Reduser overdimensjonerte sider/Skriv ut på begge sider/Vend på kortside/ Retning: Automatisk.
Spørsmål om Designmaskinen
Har du spørsmål om designmaskinen eller ønske om nye malar? Ta kontakt på profil@ha.kommune.no.