5 Grafiske former
Hå kommune sin visuelle identitet er bygd opp av fleire ulike steinformer som skal symbolisera samarbeid. Steinen som et viktig element i naturen og kulturen i Hå.

I Hå har me milevis med steingarder og steinstrender. Her bygger me stein på stein og løfter i lag. Dei ulike steinane er eit symbol på dei ulike menneska i kommunen som saman kan vera ein heil steingard eller ei heil steinstrand. Me løfter i lag.

Det finst ulike steinformer som kan brukast som rame for tekst eller bilde. I tillegg er det laga bakgrunnar der steinane er brukt. Det finst også steinar med konturlinje som symboliserer samarbeid og linjene i landskapet.

Som rame for tekst skal steinane ha ein av profilfargene. Når steinane blir brukt til bakgrunn, skal fargen i botn vera i ein av profilfargane medan steinane skal vera i 40% transparent kvit.
Former