Turistskilt langs Jærbanen

4 Velkomstskilt

Velkomstskilta skal ønska publikum velkommen til staden og visa fram dei viktigaste attraksjonane. 

Innhald 

  • Namn på togstasjonen skiltet står på
  • Namn på dei andre stasjonane langs Jærbanen
  • Introtekst om Jærbanen på norsk og engelsk
  • To eller fire toppattraksjonar ved stasjonen med bilde og tekst på norsk og engelsk
  • Logoen til kommunen og Edge of Norway
  • QR-kode til Edge of Norway si side om byda/byen rundt stasjone.

 

Malar

Det finst tre ulike malar for velkomstskilt:

A: Liggande velkomstskilt med fire attraksjonar

Liggande velkomstskilt (indd) (INDD, 8 MB)

B: Ståande velkomstskilt med fire attraksjonar:

Ståande velkomstskilt (indd) (INDD, 7 MB)

C: Lite velkomst med to attraksjonar:

Lite velkomstskilt (indd) (INDD, 3 MB)

Fabel har laga det grafiske designet på velkomstskilta. Turistskiltprosjektet har kjøpt tre designmalar i indesign det går an å bruka sjølv. 

Her finn du oppskrifta på korleis du sett opp designet i malane. (PDF, 2 MB) 

Fabel har også malane, og kan leigast inn for å hjelpa til med oppsettet. 

Størrelser

Malane for skilt med fire attraksjonar er laga med ein maksimal størrelse på 3 meter x 1,5 meter. Skiltet med to attraksjonar er sett opp i 1,75 meter x 1,5 meter.  Skilta kan skalerast ned til eit mindre format, for eksempel 2,5 meter eller 2 meter.

Veggskilt

Skilt som skal hengast på vegg blir levert på 2 mm aluminiumsplate med printa dekor laminert med antigrafittifolie.  Skilta skal monterast på avstandstykke slik at dei kjem 20 mm ut frå veggen. Dette sikrar eit noe meir eksklusivt uttrykk samtidig som veggen bak får lufting. Det skal monterast ei skinne midt på i begge retningar slik at skiltet held seg rett.  Skiltplata skal limast mot denne profilen med limande fugemasse under montering.

Frittståande skilt

Dei frittståande skilta er basert på dei same stolpane i Traftech DirectionSign-systemet som blir brukt til retningsskilt. Lakkfarge er sort RAL9005 halvblank.

Platene blir knekte i topp og botn for å gjere dei meir stive. Skiltplata blir låst fast inne i stolpen med førehandsmonterte boltar, slik at ho ikkje kan gli ut av spora ved sterk vindbelastning.  

EKSEMPEL HØGDE

Ved montering er det viktig at fundamenta står i same høgde, og med rett senteravstand. Stolpane skal monterast på skiltet utan å ripa i skilt og stolpe. Deretter blir skiltet vippa opp og sett på boltegruppa i fundamenta. Til slutt skal stolpane justerast slik at dei står i lodd i alle retningar.

Velkomstskilt kan også settast i eit system slik at det blir etablert vinklar, firkantar eller trekantar som informasjonspylonar: